torsdag 3. september 2009

Hjemme hos: Ane og Anders

Her i Skogveien 33 byrja da å likna på ein heim. Me bur altså i ei sokkelleilegheit i ein einebustad på grensa mellom Kolbotn og Oslo. Det er eit roleg strøk, og me disponerer stor hage og fri tilgang på rips og plommer!

Her er situasjonen når me flytta inn før sommaren. Det ser litt betre ut no...

Innreiing har vore gjennomgangstema siste vekene, og takka vere far/svigerfar Asbjørn og Derinngarden sin romslege Transporter fekk me raida IKEA for litt møblar.

Dette resulterte i innkjøp av:

  • 2 stk. Billy bokhylle 80
  • 2 stk. Billy bokhylle 40 cm
  • 2 stk. CD/DVD søyle Benno
  • 1 stk. Markör bokhylle
  • 1 stk. Bjurstad spisebord med klaffar
  • 1 stk. Leksvik stovebord

Forrige veke var dominert av intensiv montering, og etter nokre nybyrjarfeil kom me i siget:

Klart for moro med IKEA-flatpakke

Snart ferdig...

Spisebordet på plass på kjøkkenet

Stovebordet vårt

Stor hylle med korger og plass til masse rart. Strategisk plassert i gangen.

Ane prøve seg på Billy...

...og det blei jo fint!

Sånn ser det ut i stova vår no; møbelplasseringsalternativ nr. 1 står til utprøving denne veka.

2 kommentarer:

  1. Savna dei obligatoriske Se og Hør-bildene med det lykkelega paret i badekaret med skum til halsen og litt dyr Mozell i handa. Ellers var det kjekt å sjå heimen!

    SvarSlett
  2. Ser bra ut d her! Gleda me te å komma på besøk ;)

    SvarSlett