søndag 18. januar 2009

Skjemabryllup

Det å inngå ekteskap er visst ikkje noko ein berre kan gjere som innfall ein litt kjedeleg ettermiddag. Staten skal nemleg ha sitt, med ulike skjema som skal sendast inn, for at alt skal gå rett for seg.

Erklæring fra brudefolkene før prøving av ekteskapsvilkårene (skjema Q-0150) er eit skjema der me må forklara kven me skal gifta oss med, og at det går rett for seg. Som det heiter: "Før ekteskapet kan inngåast, skal det skje ei prøving for å finna ut om ekteskapsvilkåra er oppfylte etter ekteskapslova".

Det startar greit, med tid, stad og hovudperson og ei kjapp avkryssing for å forsikra at det ikkje er noko ukristeleg og biologisk problematisk slektskap mellom oss.

Det er offisielt!

Vidare må ein bretta ut alle tidlegare forhold, og evt. "særkullsbarn" (som det visstnok heiter) eller barn ein ventar med nokon andre (!). Tidlegare og noverande bollar i feil omn, med andre ord. Desse omnane må i so fall skriva under på at dei er kjende med bryllaupsplanane. Det kjem vel ikkje som noko overrasking at dette avsnittet gjekk raskt for oss begge...

Ho skulle berre visst...

Til slutt kjem smittsame sjukdomar, som den andre parten må få vita om, i tillegg til "munnleg rettleiing frå ein lege om farane ved sjukdomen". Også her må det underskrift til.

Heller ikkje forlovarane slepp unna. I Forlovererklæring (skjema Q-0151) må dei meir eller mindre gjenta det me allereie har erklært sjølve.

Det heile skal sendast inn til Folkeregisteret, dvs. vårt lokale skattekontor. Spørsmålet blir då om me får noko tilbake på ekteskapet...me håpar iallfall me får tilbake ein prøvingsattest, som me kan gje til Kari prest i Eide. Etter at ho har gjort jobben sin, kan ho gje oss ein mellombels vigselsattest, før den endelege kjem frå Folkeregisteret. Etter bryllaupet kan det verta nok ein runde med Folkeregisteret, for den eller dei av oss som har planar om å skifta namn (debatt pågår!)

Me har ikkje enno funne noko skjema, der me må erklæra at me elskar kvarandre...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar