onsdag 14. januar 2009

Å laga invitasjonar...

Etter nokre prøverundar før jol og eit par handlerundar innom Panduro, er me i gang med eit viktig ledd i bryllaupsførebuinga: laga invitasjonar!
Det er ein fin ting å laga alle invitasjonane sjølve, frå grunnen av. Me får det slik me ynskjer det, med eit personleg og heimelaga preg. Dessutan er det ein kjekk syssel i mørke januarkveldar.

Ei praktisk og fornuftig arbeidsfordeling openberra seg ganske tidleg i prosessen:

  • Ane: dagleg leiar, design og kreativ utforming, innhandlingsansvarleg
  • Anders: klippe- og bretteassistent, fotoansvarleg, lyrikk-konsulent
Med denne gode og utfyllande fordelinga har me kome fram til eit originalt og stilreint design med bra innhald, håpar me.
Samtidig har vekslande hell hjå klippe- og bretteassistenten forsterka det personlege uttrykket med sjarmerande småfeil som fjernar ein kvar tvil om sjølvlaga invitasjonar...

Stempel og farga ark av ulik tjukkleik er obligatoriske element i invitasjons-design, i følgje dagleg leiar!

Etter iherdig klipping og bretting er no alle invitasjonane gjennom fase 1: formgjeving, medan ei rekkje er godt inne i fase 2: framsidedesign, takka vere Ane. Forarbeidet er gjort for fase 3: baksidedesign, som såleis vert iverksett fortløpande, og fotoansvarleg er godt inne i prosessen kring fase 4: fotopresentasjon. Dermed er mykje gjort, og fokuset kan rettast mot å runda av invitasjonane med fase 5: invitasjonstekst og informasjon.

Og så er det berre å finna fram adresseliste og konvoluttar. Hmm...har du ordna konvoluttar, Ane?

Bryllaupsinvitasjonane byrjar å ta form

2 kommentarer:

  1. Dette blir knall, jeg ønsker meg et sånt invitasjonskort med et stev av Anders inni, hvis det skulle være noen til overs. Knallbra. Lykke til med videre forberedelser. Og til sist, hvem er kredittkortansvarlig, siden Ane er handlingsansvarlig mener jeg...

    SvarSlett
  2. Ta her sjer jo rikti så bra ut, Ane og Anders! Proft! Lykke t viar, ta her går nok bra mæ ei så god arbeidsfordeling ;)
    Klæm frå Siri

    SvarSlett